Lesernes marked

Utandørs julemarked i Spjelkavika

Fredag 20. og laurdag 21.november vil du igjen finne ei koseleg julegate med salsboder ved administrasjonsbygget til Plussreiser/Imf Sunnmøre – der du køyrer innover mot Vasstranda i Spjelkavik sentrum. Bodene er fylte med eit rikt og variert utval av ting du treng eller ønskjer deg til jul. Her skal det seljast kortreist mat som heimelaga lefser, saft, syltetøy, julekaker, gjærbakst og mykje meir. Du vil også finne mange fine julegåve-artiklar.
I år blir det ikkje kafe, og alt vil foregå utandørs, og vi vil sjølvsagt følgje korona-reglementet, seier Arvid Lukkedal i arrangementskomiteen. Inntektene går til leirstaden Brusdalsheimen. Velkomen til ein trygg og god julehandel, og kjenn på den gode førjulsstemninga!