Lesernes marked

The North West og Ålesund Pride planlegger for full fest!

– Frå 30. august til 5. september er det planlagt over 40 arrangement i Ålesund av ulik storleik. Dei store konferansane blir på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) på Campus Ålesund. I tillegg blir det brukt ulike arenaer i Ålesund sentrum og på Atlanterhavsparken. Kjerna i det heile er å utvikle ein god og framtidsretta region med positiv utvikling og plass til alle. The North West og Ålesund Pride samarbeider tett gjennom veka. Dette skal farge både regionen og The North West i regnbogefargar. Mangfald er heilt kritisk for å nå berekraftsmåla og utvikle gode samfunn. Det blir ulike arrangement og det heile blir toppa med pride-parade laurdag 4. september, vert det opplyst i ei felles pressemelding frå The North West og Ålesund Pride.