Lesernes marked

Tellefsen og Neergaard til Fjord Cadenza

Den kritikerroste og folkekjære jazzvokalisten og låtskrivaren Silje Neergaard opptrer i lag med Trondheimsolistene på avsluttingskonserten. (Pressefoto).

Både Arve Tellefsen og Silje Neergaard skal opptre i lag med Tronheimsolistene på årets utgåve av Fjord Cadenza.

Fjord Cadenza har for første gong tilsett festivalsjef. Cellisten Hallvard Steinhovden, som starta i femtiprosentstillinga i april, har ambisjonar om å gjere Fjord Cadenza til ein endå betre festival:
– Festivalen har alltid blitt driven på reint frivilleg basis, og dette er første gong Fjord Cadenza har nokon i ei betalt stilling. Det frivillege arbeidet vil sjølvsagt halde fram med å vere hjartet i festivalen, men det er heilt klart ein fordel å ha ein som er tilgjengeleg på dagtid òg, seier Steinhovden.

Hallvard Steinhovden er den aller første festivalsjefen for Fjord Cadenza. Han lover et variert og spennande program i dagane frå 11. til 15. august. (Pressefoto)

Han fortel at han er oppvaksen med Fjord Cadenza, og etter at festivalen vart vekt til live att i 2011, har han vore med fleire gonger både som utøvar og publikum.
– Eg skal gjere mitt beste for at Fjord Cadenza skal få til ein endå sterkare satsing, med fleire kvalitetskonsertar og -program, seier han.

Trondhemsolistene
I år har Fjord Cadenza fått tak i Trondheimsolistene som festivalorkester. Dei held eit skyhøgt nivå og er kjende og etterspurte i store delar av verda. På festivalen kan ein få høyre dei både aleine og i lag med to av våre aller dyktigaste og mest folkekjære musikarar: Arve Tellefsen (på Gomerhuset og i Ålesund kyrkje) og Silje Neergaard (på avsluttingskonserten på Gomerhuset).
Festivalen startar onsdag 11. august med opning av kunstutstilling på Jentekolonien. I år er det ålesunderen Ann Helen Haagensen som årets festivalkunst-nar, og utstillinga hennar har fått namnet «Fishy Business».
Tradisjonen tru blir det utekonsert med variert program på Apalvikstølen i Skodje, og operaekteparet Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid kjem til å halde konsert på Skodje omsorgssenter og Ådalen allé. Dei to byr òg inn til operapub både i Nerskøyløa i Skodje og på Teaterfabrikken i Ålesund.

Arve Tellefsen får òg med seg Trondheimsolistene på sine to konsertar under festivalen. (Pressefoto).

Intimkonsertar
På Storfjord hotel kan ein få seg ein kulinarisk trerettars oppleving medan ein lyttar til fiolinisten Atle Sponberg og pianisten Christian Grøvlen. Sistnevnte kan ein òg høyre på lunsjkonsert i det nyrenoverte Jervellhuset, der han vil spille litt Grieg og litt eigne komposisjonar.
Perleskum er eit spennande prosjekt der to jazzmusikarar (Dag-Filip Roaldsnes og Lars Andreas Haug) og to folkemusikarar (Jorun Marie Kvernberg og Unni Boksasp) har laga nye melodiar til tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

Musikalskule
Noko heilt nytt i år er ein songskule for born og unge med musikal som tema. Songskulen er eit samarbeid med Ålesund kommune og blir heilt gratis. Det heile vert avslutta med ein liten konsert under Fjord Cadenza-programmet.

Av Kenneth Kamp