Lesernes marked

Startar opp igjen med datahjelp

 

Lurer du på korleis installere ein app på telefonen, korleis lagre i skya, korleis bruke Facebook eller Internett? Kom på biblioteket, her får du igjen hjelp med digitale utfordringar.
No kan du få Digihjelp på biblioteka i Ålesund og på Moa. Tilbodet er organisert som drop in, altså er det berre å komme, utan noko avtale eller timebestilling – på fredagar frå kl. 10-15. Tilbodet følgjer skuleruta. Er det fleire i same ærend, så lyt ein vente på tur. Og den som rettleier deg, skulle vere godt kvalifisert. På biblioteket ventar to elevar ved IKT Servicefag frå Ålesund vgs. på å hjelpe deg.
– Vi er svært glade for å halde fram med dette samarbeidet med Ålesund vgs. også i år, til gjensidig nytte, seier biblioteksjef Mette Aaram Ringstad. – Vi på vår side får utvida tilbodet vårt til innbyggjarar som vil lære meir om digitale verktøy. Elevane frå IKT Servicefag får erfaring som digihjelparar. Dette er vi glade for å kunne tilby i år også!
Erfaringane til bibliotektilsette og frå fjorårets datahjelp tilseier at det er eit behov for tilbodet. – Dagleg hjelper vi til med digitale utfordringar, det kan vere alt frå bruk av e-post til korleis skrive ut flybillettar. Det er difor kjekt å få vidareført eit låg-terskel tilbod i biblioteket.
Og her treng ein ikkje føle seg dum med spørsmåla sine. – Ingen utfordringar er for enkle. Ein kan komme med liten eller ingen digital kompetanse og få hjelp med alt frå bruk av nettbrett, utskrifter, wifi, bilderedigering osv. Likevel er det ikkje absolutt alt digihjelpa kan bidra med. – Vi kan til dømes ikkje hjelpe til med å fylle ut søknader, klage på vedtak eller betale rekningar.
Verksemdleiar Hege Steinsland er også fornøgd med at Moa og Ålesund får vidareført tilbodet. -Dette treng vi, seier ho. – Aukar ein den grunnleggjande digitale kompetansen vil kommunikasjonen mellom innbyggjarane og det offentlege kunne bli meir effektiv og vi kan bidra til å redusere den digitale utanforskapen.