Lesernes marked

Mykje å gle seg til i Eidsvika

Det blir garantert musikalsk fyrverkeri når Valkyrien Allstars spiller opp. (Foto frå 2010: Chell Hill, lisens: CC BY-SA 3.0)

Laurdag brakar det laust med Eidsvikafestivalen 2022.

Det er ikkje noko mindre enn eit rett imponerande dagsprogram dei har sett opp på årets utgåve av Eidsvikafestivalen. Siste veka før festivaldagen avslørte arrangørane endå eit spennande nyhende:
– Vi har fått sett saman vår eigen strykekvartett, Eidsvikakvartetten, med lokale, profesjonelle strykarar. Dei skal spele i lag med sjølvaste Stein Torleif Bjella på kvelden, attåt at dei skal halde gratiskonsert på Eidet omsorgsarena på dagtid, opplyser festivalsjef Lars Martin Vik.
Han fortel vidare at den eigenlege planen var å få med Ålesund strykekvartett, men sidan dei er på ferie, vart det i staden sett i hop ei eigen kvartett nett for dette høvet. Og det er langt frå noko tamt reservelag dei har fått samla: Fiolinist Ove Kvangarsnes er tidlegare leiar for Ålesund strykekvartett, Hallvard Steinhovden er frilanscellist og leiar for Fjord Cadenza; fiolinist Anne Randi Håheim Nilsen har tidlegare spelt i operaorkesteret i Oslo, men har no flytta heim til Ålesund; og Anna Ostachowska er bratsjist ved Operaen i Kristiansund.
– Stein Torleif Bjella har opptrådt med flere ulike strykegrupper tidligere, og vi gleder oss veldig til denne konserten, seier Vik.

Stein Torleif Bjella får med seg Eidsvikakvartetten, ein for høvet samansett strykekvartetten, på Eidsvikafestivalen på laurdag. (Foto: Vidar Nordli-Mathisen; fri lisens)

Bjella og Valkyrien
Ved sidan av viserockkongen frå Hallingdal, er det nok folkrockarane i Valkyrien Allstars som er det aller største namnet som skal spele i Eidsvika i Tennfjord på laurdag. Både Bjella og Valkyrien – anført av den finstemte energibunten Tuva Syvertsen – er artistar som har makta å bli store favorittar både hos folket og kritikarstanden.
To andre band speler òg på laurdagskvelden i Eidsvika: Rock’n’roll-/amerikanabandet Red Magnolia frå Sula og Revolt, det enno unge indierockbandet frå Molde som vann Musikkprisen allereie i 2017.
Kveldsprogrammet har 15-årsaldersgrense. For dei som tek turen inn frå byen, blir det sett opp eigen buss både fram og attende.

Visepopartisten Dina Misund (frå Misund) tek med seg band og speler på dagprogrammet til Eidsvikafestivalen. (Pressefoto)

For heile familiien
Men Eidsvikafestivalen har òg eit familiedagprogram: Der kjem visepopartisten Dina Misund (med band), Sulas New Orleans-drotning, Tricia Boutté (med band), det unge rockebandet Sonic Waste frå Ålesund, Hollie (som vi ikkje har nokon informasjon om) og dansegruppa til IL Ravn. I forkant av dagsprogrammet blir det dessutan Trommelom, ein sambaverkstad med perkusjonist Miki Campins. Dei som er med der, vil òg få opptre under festivalen.
Dei som står bak Eidsvikafestivalen, er kameratgjengen Lars Martin Vik, Raymond Engstrøm og Tomas Sæter.

Kenneth Kamp
kenneth@nyttiuka.no