Dagens politikarar ser ikkje ut til å ta faresignala naturen og miljøet står over for, på alvor. Situasjonen er at ser vi ikkje snart varsla, vil vi mest truleg ikkje ha ein klode framtidige generasjonar kan leve på.

Framtida i spel

Til tross for pandemi, krig og energikrise er min påstand at vi ikkje har lært noko som helst. Vi nordmenn brukar framleis 3,4 jordklodar samanlikna med dei fleste andre land i verda. Energiforbruket synst ikkje å bli redusert, til tross for galopperande drivstoff- og straumprisar. Vi kaster framleis enorme mengder mat og eg finn framleis like store mengde søppel både langs vegane, i naturen og i havet. Det mest skremmande er at søppelmengda i havet aukar dag for dag, og det til tross for at det mange stadar blir lagt ned eit enormt arbeid, av både profesjonelle og frivillige aktørar, for å rydde opp. I tillegg har vi ei regjering som set havet si framtid enda meir i spel, ved å opne for gruvedrift på havbotnen. Noko som vitnar om grenselaus uforstand når det kjem til havet si uvurderlege rolle for livet på kloden.

Vi er på tynn is

FN sin klimasjef advarte nyleg i klimarapporten om at menneskeheita er på tynn is, og den isen er no i ferd med å smelte. Utsleppa må halverast dei neste sju åra og alle verdas land må ta grep – drastiske grep.

Mitt mål når eg ein gong «leverer inn tøflene», er at dei skal ha satt eit så svakt avtrykk som overhode mogeleg på «Moder Jord». Eller i det minste kompensere for avtrykket mitt med å gjere alt eg kan for å hjelpe «Moder Jord» å «puste» lettare, sidan eg er så heldig å ha trekt «gullkortet», ved å bli fødd i eit av verdas rikaste land. For det å trekke gullkortet meiner eg bør forplikte.

Frå 2020 til 2022 hamna verda i ein «stillstand» gjennom ein pandemi som tok fokus frå det meste anna. Og som nok ein gong viste klart og tydleg at verda har eit A og eit B lag. Sjølv om eit virus ikkje veit eller bryr seg om at du er fødd i Noreg, USA eller Malawi, er mogelegheitene dine for å overleve ein pandemi, enormt mykje større om du er fødd i den delen av verda som flaumar over av vaksiner, medisin og behandling.

Nedsider

Det manglar ikkje på nedsider under pandemien for næringslivet, for barn og unge, ja for folk flest i vårt lille land og elles i verda. Men det finst også oppsider. Mellom anna at vi i vår del av verda letta trykket på «Moder Jord» ved å reise mindre. Ved å oppdage at vi kan møtast (nesten) fullverdig gjennom Zoom, Teams og andre digitale plattformer, og kunne utføre det meste av arbeidet vårt digitalt utan at verda stoppa heilt opp. Kanskje enkelte til og med (igjen)oppdaga familien sin, eller naturen i dette flotte landet vårt.

Bonusen med å senke pulsen på samfunnet har rett og slett vore at «Moder Jord» har fått puste lettare og vi har fått sjansen til å kome tettare på dei viktige tinga i livet, og slik kunne setje ny verdi på framtida.

Stramma grepet

No har det gått fleire år sidan verda stoppa opp, og vi har meir eller mindre kome tilbake til normalen, eller kanskje det vi kan kalle «den nye normalen» i vår del av verda, i andre delar er det framleis krise. I tillegg har vi fått ein langvarig krig i Europa. Livet for mange, også her heime har blitt verre i kjølvatnet av pandemien og krigen i Ukraina, men kva med «Moder Jord» og det pusterommet ho på mange måtar fekk under pandemien?

Vi må dessverre konstatere at vi menneske, på toppen av næringspyramiden, har igjen stramma grepet vårt på «Moder Jord», og gjenoppretta kursen mot kanten av stupet. Det store spørsmålet er om vi greier å stoppe på kanten, eller om vi rasar utafor og tek «Moder Jord» med oss i dragsuget?

Vi treng no sårt ei kursendring. FN sin klimarapport for 2023 seier klart og tydelig at vi må sikre ein snuoperasjon før vi når grensa. Eg meiner bestemt at denne snuoperasjonen må sikrast lenge før vi kjem dit, for då kan det allereie vere for seint.

Har vi det for godt?

Eg har stor forståing for at somme utviklingsland ikkje heilt ser mogelegheitsrommet for å redusere sitt forbruk. Eg har også stor forståing for at alt for mange i rike Noreg lev under fattigdomsgrensa, og ikkje har noko overforbruk eller dyre vanar som kan endrast på. Eg skjønar også at svært mange som lev over den relative fattigdomsgrensa har no fått ein trongare økonomi etter at levekostnadane har auka drastisk. Kan sistnevnte vere ein indikasjon på at fleire har hatt ein livsstil som er vanskeleg å endre på når rammene rundt vert stramma inn?

Til slutt vil eg oppsummere litt; vi menneske, på toppen av næringspyramiden, har på mange måtar kopla oss frå økosystemet som vi ein gong var ein del av, ved å vere den einaste arten på kloden som produserer avfall, enorme mengder avfall. Dersom våre etterkommarar skal ha ein klode å leve på i framtida må vi sette oss som mål å igjen bli ein del av økosystemet. Og det hastar!

Ina Giske, miljøengasjert og frivillig strandryddar