Lesernes marked

Meditative stemningar

Vatnebygdaren Silje Helle gir ut EP med draumeaktig, instrumental pianomusikk. (Pressefoto: Ljos Foto)

Silje Helle skriv nedstrippa og stemningsfull pianomusikk.

Tidlegare har vatnebygdaren Silje Helle drive mest med popmusikk, men 4. februar gir ho ut ein EP med fire instrumentale pianomelodiar. Alle låtane er av det meditative, draumeaktige slaget.
– Eg heldt på litt med den same typen pianomusikk då eg var 14 år og skulle prøve meg på å improvisere. Improvisasjon var noko eg syntest var litt skummelt, men det blei ganske bra! Sidan har eg halde mest på med popmusikk, men innimellom har eg òg laga slike pianolåtar, Silje.

Stemningsfylt
Ho forklarer at når ho lager musikk, går ho inn i ei viss stemning eller kjensle:
– Det er mykje som skjer i livet, men når eg set meg ned ved pianoet, finn eg roa. Den stemninga som oppstår då, inspirerer meg.
Til no har Silje gitt ut to av pianostykka, «Nostalgi» og «Draum», som singlar. Alle låtane som er med på den komande EP-en er innspelte i havgapet, i Ocean Sound Recordings på Giske.

Syng òg
Somme av dei gamle poplåtane som Silje har laga, ligg framleis ute på NRK Urørt. På dei syng ho òg, og ho ser ikkje bort frå at ho med tida kan kome til å leggje vokal på somme av pianostykka.
– Nett no har eg éin låt med vokal, men den er ikkje heilt ferdig enno, seier ho.

Master i popmusikk
Etter at Silje gjekk musikklina på Fagerlia, tok ho to år med komposisjon og produksjon på høgskulestudiet i populærmusikk ved Nordisk institutt for scene og studio i Oslo. Deretter fullførte ho ein mastergrad i populærmusikk med eitt år ved Universitetet i Wolverhampton. Sidan har ho mellom anna jobba som lærar i kulturskulen.

Grenselaust
På spørsmål om det ikkje er vanskeleg å nå ut til folk med instrumental pianomusikk, svarer ho at det snarare kan gjere det enklare:
– Det er fleire som driv med denne typen musikk; ein kan vel seie at det er litt i vinden no, for i ei tid som er så prega av stress og uro, treng ein å finne fred i kropp og sjel. Det merkjer eg i alle fall sjølv. Dessutan har ikkje instrumentalmusikken språkbarrierar, så slik kan ein nå fram til menneske over heile verda. Til no har dei to pianolåtane eg har gitt ut, blitt lytta til av folk i 14 ulike land; det er ganske fascinerande å tenkje på, seier Silje Helle.

Kenneth Kamp
kenneth@nyttiuka.no