Lesernes marked

Giske-elevar får ikkje symjeopplæring

Christina Hessen meiner Giske kommune må få til å gje elevane den lovfesta retten til symjeopplæring, trass i den dårlege stoda for kommuneøkonomien. (Foto: Andreas Hesselberg)

 

Dei to siste åra har ikkje elevane i Giske kommune fått symje-opplæring.

Christina Hessen er mor til to jenter i grunnskulen i Giske. Ho meiner kommunen bryt opplæringslova når elevane ikkje får symjeopplæring:
– Mine eigne jenter er trygge i vatn og kan å symje, men det er fordi vi som familie har prioritert bading og trygging i vatn. Men symjeteknikken deira er sjølvlært, og eg veit ikkje korleis dei vil takle ein stressa situasjon, til dømes om dei skulle ramle ut i kaldt vatn, fortel ho.

Kompetansemål
I læreplanen for kroppsøvingsfaget kan ein mellom anna lese at eitt av kompetansemåla etter fjerde klasse, er at elevane skal «Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land».
Dét målet veit Hessen det er mange elevar i Giske, ikkje berre i femte klasse, men òg i til dømes sjuande, som ikkje er i nærleiken av å klare:
– Den eldste jenta mi går i sjuande klasse, og der er er det elevar som ikkje kan å symje i det heile teke eller som ikkje tør å bade fordi dei ikkje er trygge i vatn. Det er ikkje bra når vi bur i ei kommune med sjø på alle kantar, seier Hessen.

Ikkje tilbod
Ho fortel at eldstejenta hennar hadde symjeopplæring i tredje klasse, men at ho skulle ha hatt eitt år til med symjing. Det har ho ikkje fått, fordi Giske kommune ikkje har pengar til det – trass i at symjeopplæringa er eit lovpålagt tilbod.
– Yngstejenta starta i tredje klasse no, men vi har ikkje høyrd noko anna om symjeopplæring enn at tilbodet skal vere lagt ned på grunn av dårleg økonomi, seier Christina Hessen.

– Leitt
Kommunalsjef for oppvekst i Giske kommune, Åse Elisabeth Skjærseth, forstår frustrasjonen til Hessen:
– Vi kan vere samde om at det er leitt at kommunen ikkje har fått til å gje noko symjetilbod dei to siste åra, seier kommunalsjefen.
Ho fortel at ein tradisjonelt har hatt symjeopplæring i tredje og femte klasse, pluss på ungdomstrinnet i Giske kommune. For ein del år attende var det symjebasseng både på Vigra, Godøya og Giske, men dei seinare åra er det berre bassenget på Vigra som har vore i bruk – fram til vatnet vart tømt ut for eit par år sidan.
– Det er sett ned dei gruppe med folk frå politikk og næringsliv som prøver å få til ei løysing, til dømes i samarbeid med Bybadet. Men til no har dei ikkje greidd å lande finansieringa, seier ho.

Vil unngå lovbrott
– Men er det ikkje eit nederlag for ein kommune at ein treng privat finansiering for å klare å gi eit lovfesta tilbod i skulen?
– Som kommunalsjef for opplæring, så synest eg det, ja. Vi har måtta utsetje symjeopplæringa i ein periode for å spare pengar, men held vi fram slik, vil vi ha eit lovbrott ved utgangen av skuleåret. Derfor jobbar vi for å få til lovleg drift før vi kjem så langt, seier kommunalsjefen.

Krevjande utandørs
Ho fortel vidare at det òg har vore på tale å ta all symjeopplæringa utandørs, i sjøen, men at dette er krevjande å få til:
– Det stillast strenge krav til symjeopplæring utandørs. Mellom anna må dei som står for opplæringa, ha sertifisering for å drive symjeopplæring på nett den stranda eller staden der dei skal vere. Om dei skal flytte seg til ein annan stad, må dei ha sertifisering for den staden òg, forklarer Skjærseth.

På dagsordenen
Ordførar i Giske, Harry Valderhaug (KrF), er med i gruppa som prøver å finne ei samarbeidsløysing med næringslivet og frivillige. Han seier han vil jobbe for at kommunen snart skal få symjeopplæringa i gang att:
– Dette er ei sak som står på dagsordenen, og som vi ikkje tek lett på. Vi må sjå på korleis vi mellom anna kan få tilbodet inn på budsjettet for 2022, slik at det kan starte opp att over nyttår. Men i samarbeid med næringslivet, Frivilligsentralen og andre prøver vi òg å få til eit tillegg til det ordinære opplæringstilbodet. Målet er at dette skal starte opp allereie i år, seier ordføraren.

Av Kenneth Kamp