Lesernes marked

Eleftheria klar for NM i slam

Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik på landsmønstringa i UKM 2019. (Skjermdump frå framføringa på UKM.no; lys- og kontrastkorrigert av Nytt i Uka.)

Til helga er det NM i slampoesi under Litteraturfestival i Bergen. Ei av dei som skal konkurrere, er Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik frå Aspøya.

Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik fortel at hun tok til å skrive dikt og forteljingar då ho var 11-12 år gammel. Motivasjonen var heile tida å framføre dei for andre. Det som kallast slampoesi (og som er konkurranseforma av «spoken word») starta ho ikkje med for alvor før ho gjekk på folkehøgskule i Drammen i 2019, men ho hadde så smått vore borti det litt før òg:
– Same året blei eg utteken til landsmønstringa i UKM med eit dikt eg hadde skrive sjølv og som eg framførte på scena. Der hadde vi kurs med ein som var noregsmeister i slampoesi, og slik var det eg tok til å gå i den retninga.

Konkurranse
Slampoesi-miljøet gav ho god respons og mange nye høve til å prøve ut ulike ting, noko ho er svært takksam for.
Medan ho gjekk på folkehøgskulen, vart Eleftheria for første gong med på ein konkurranse i slam – noko ho aldri hadde tenkt før på å vere med på.
– Det var fascinerande at det var eit publikum som høyrde på deg, responderte og gav deg poeng! Det motiverte meg til å bli med på fleire konkurransar, og eg melde meg mellom anna på vestlandsmeisterskapen i Stavanger, fortel ho.
Året etter, i 2020, var det eit virus som kom i vegen for det meste, men i fjor stilte Eleftheria opp på ny delfinale, denne gongen på Østfold scene. Då ho vann der, kvalifiserte ho seg samstundes vidare til noregsmeisterskapen, som altså går føre seg i Bergen no til helga.

Kjærleik og respekt
Slampoesi fungerer slik, forklarer ho, at ein får inntil tre minutt på seg til å framføre eit dikt som ein har skrive sjølv. Det er lov å ha med seg teksten på scena, men Eleftheria føretrekkjer å framføre dikta sine utanboks. Deretter er det publikum som røyster og avgjer kor mange poeng du får. Under framføringa er det forventa av publikum at dei sit i ro og berre lyttar, men om det er noko som treff dei, er det lov å gi diskret uttrykk for det:
– Det er to hovudreglar for publikum i slam, og det er kjærleik og respekt. Men om det er nokon i publikum som kjenner noko sterkt, så kan vedkomande til dømes gå i gang med å knipse eller lage andre lydar, men ikkje slik at det er forstyrrande, forklarer ho.
Under konkurransane plar deltakarane framføre dikt i tre rundar. Av og til, opplyser Eleftheria, er det utslaging mellom rundane, medan andre gongar får alle vere med å alle rundane. I NM meiner ho det er slik at alle får tre rundar.

Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik på landsmønstringa i UKM 2019. (Skjermdump frå framføringa på UKM.no; lys- og kontrastkorrigert av Nytt i Uka.)

Om menneske og mytologi
Kva for dikt ho skal framføre under NM, har ikkje Eleftheria bestemt seg for enno.
– Det må eg kjenne på når eg står der. Men mange av dikta mine har motiv frå eventyr og mytologi, som er noko som alltid har fascinert meg. Eg ønskjer å få fram noko tidlaust om det å vere menneske og måle eit stemningsbilete av verda, slik at folk kan bli trefte av dikta mine uavhengig av tid og stad, slik ein blir av stor litteratur.

Kropp i rørsle
For tida går Eleftheria på skule i Tvedestrand, der ho tek eit forstudium i dans og musikkteater.
– Sidan eg gjekk på dramalina på Fagerlia har eg vore interessert i å kombinere ulike kunstformar, som musikk, dans og teater. No har eg teke til å få litt rørsle inn i diktinga mi, og til dømes då eg opptredde på «Litterær hagefest på Løkken», ein litteraturfestival i Tønsberg, merka eg korleis eg har utvikla det sceniske uttrykket mitt no når armar og bein samarbeider meir dynamisk enn nokon gong. Det er kjekt!

Temperamentsfull nynorsk
Eitt særpreg med slammen til Eleftheria, er at ho IKKJE skriv eller framfører på dialekt. Ålesundsjenta har nemleg i staden valt å nytte nynorsk som diktarmål – og gjerne med litt gamle, nærast utdøydde ord og formar.– Eg liker å leike med gamle ord, eit fargerikt språk og kraftfulle bilete, gjerne slik at det vert litt overdådig. Forma blir ein del av opplevinga når eg framfører, og når eg skriv, kjennest det som eg målar med ein pensel. Slam er òg ein engasjert kunstform, og eg liker å ta fram temperamentet mitt og gi ein ordentleg skjennepreike, fortel Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik.

 

Kenneth Kamp
kenneth@nyttiuka.no