
Hos Brukthjørnet Klede og Sko på Sjøholt kan du gjere eit kupp og støtte eit godt føremål på same tid.
Tre veker før jul starta pensjonistane Jorunn Langleite og Aud Langlo Kongsnes opp Brukt-hjørnet Klede og Sko. Arbeidet gjer dei uløna og frivilleg, og alt overskott sender dei til Leger uten grenser.
– Vi har vald Leger uten grenser fordi dei gjer ein fantastisk jobb verda over, heilt utan omsyn til rase eller religion, seier Jorunn.
Butikken, som held til i Sjøholt Småsenter, har klede og sko for alle kjønn, aldrar og bruksområde, og dessutan litt vesker, smykke og anna tilhøyrsle. Alt har dei fått anten frå folk i lokalmiljøet eller frå slekt og vener over heile landet.
– Vi har veldig mykje fint! Særskilt er det populært med retrokle frå 70- og 80-talet, men vi har òg heilt nye kle der ikkje merkelappen er teken av eingong. Då er det sikkert nokon som har angra på eit kjøp av ein eller annan grunn, seier ho.