Lesernes marked

Åtte damer av stjernestøv

Hilde Louise Asbjørnsen presenter liva og karrierane til åtte særeigne, sterke damer frå den internasjonae showbiz-historia i framsyninga (og boka) Stardust. (Pressefoto: Kristin Støylen)

Det er åtte særs sterke og særeigne kvinner frå stjernehimmelen som får merksemd i «Stardust», den kritikarhylla framsyninga til Hilde Louise Asbjørnsen.

I haust blei det koronautsetjing, men om ein månad kjem endelig Hilde Louise Asbjørnsen med «Stardust» til Ålesund. Der løfter ho fram åtte ekstraordinære kvinner frå den internasjonale showbiz-historia: Joséphine Baker, Marlene Dietrich, Bessie Smith, Billie Holiday, Mae West, Edith Piaf, Marilyn Monroe – og vår egen Bokken Lasson.
I tillegg til forestillinga gav Hilde Louise ut ei bok med same namn; der går ho endå meir i djupna på liva til desse åtte fyrverkeria av nokre damer. Også boka har fått strålande mottaking av kritikarane.

Banebrytande
– Den opphavlege ideen min var berre å lage ei framsyning, men då eg tok til å lese meg opp på historia til desse banebrytande damene, blei eg heilt oppslukt og fascinert. Eg blei rett og slett overvelda over kor mange historier det fanst om dei, så då bestemte eg meg for at eg òg ville skrive ei bok. Der følgjer eg liva deira kronologisk, flettar dei inn i einannan og bruker verdshistoria som bakteppe, fortel ho.
Eigenleg skulle boka og framsyninga lanserast samstundes, men det vart berre så vidt boklansering i februar i fjor. Framsyninga fekk så vidt premiere på Chat Noir i juli før pandemien sette stopp for resten av turneen. I oktober var det full opning att og 17 framsyningar på ein månad, men innan Hilde Louise kom seg til Ålesund, måtte ho på ny pakke kostyma ned. No er ho i full sving att, og 12. februar – om ikkje viruset gjer endå ein ny og uventa twist – kan ho endeleg opplevast på Parken kulturhus.

Mange har sett Joséphine Baker i det berømte bananskjørtet hennar, men langt færre veit at ho gjorde ei framifrå innsats som alliert spion under andre verdskrigen. (Pressefoto: Tovita Razzi).

Fans fylte flyet
Men sjølv om det har teke tid å få «Stardust» heim til Sunnmøre, er det mange sunnmøringar som allereie har fått med seg showet:
– Då vi viste «Stardust» på Christiania Teater, fekk eg ei melding der det stod at «heile den pensjonerte lærarstaben i Sykkylven er på flyet!» Eit fly fylt av heimbygdingar som var på veg til Oslo for å sjå showet mitt! Det var utruleg kjekt!

Alliert spion
Medan ho las seg opp på historia til dei åtte kvinnene, var det mykje som forbausa ho, og som ho aldri hadde høyrd om før:
– Noko av det mest overraskande, var nok at Joséphine Baker VAR spion for dei allierte under andre verdskrigen. Ho kasta eigne prioriteringar fullstendig på båten og frakta ikkje berre informasjon rundtom, men ho dreiv òg rein diplomatverksemd i Nord-Afrika! Sidan ho hadde fans over heile verda, hadde ho nemleg gode kontaktar på alle sider.
Sjølvskrivande sexsymbol
– Og så har vi Mae West, som dei fleste berre kjenner som ei slags teikneseriaktig sex-gudinne – men ho var så mykje meir: Ho skreiv faktisk alle musikalane sine sjølv – og mesta alle filmane sine! På den tida var det særs uvanleg i Hollywood at skodespelarane var med på å skrive manus, men ho syntest dei manusa ho fekk var så dårlege, så ho sette foten ned og skreiv sjølv!

Mange har sett Joséphine Baker i det berømte bananskjørtet hennar, men langt færre veit at ho gjorde ei framifrå innsats som alliert spion under andre verdskrigen. (Pressefoto: Tovita Razzi).

Bokken
Og så har vi Bokken Lasson, då, som trass i at ho var norsk og hadde stor suksess over store deler av Europa, truleg er den av dei åtte som nordmenn flest har høyrd minst om:
– I den grad folk kjenner til Bokken Lasson, så veit dei at det var ho som starta Chat Noir. Men ho var ei utruleg sterk dame som allereie på 1890-talet bestemte seg for at ho ikkje skulle gifte seg, men bli omreisande songarinne! Det var veldig spesielt på den tida. Men ho booka sin eigen turné, finansierte det sjølv og reiste Europa rundt med lutt og folkemusikk på russisk, spansk, tysk og engelsk. Ho spelte på svære varietéscener, og i ein lang periode var det hennar namn øvst på plakatene, fortel Hilde Louise.

Opp av sofaen!
I ei anna historie om Bokken Lasson handlar det om ålesundarane:
– I 1895 var Bokken på noregsturné, og då var ho òg innom Ålesund og heldt to konsertar i «Arbeiderforeningens Konsertsal». Publikum møtte fram, men ålesundarane hadde visst eit rykte på seg for ikkje å komme når det var noko stort som skjedde. Ein journalist i Sunnmørsposten, hadde derfor kjefta dei opp på førehand og skrive noko slikt som at «Nei, nå må folk for Guds skyld reise seg opp av sofaen og komme seg ut og få med seg denne fantastiske, nye damen!»
Dét ryktet hang vel med ålesundarane heilt fram mot vår tid, men har blitt grundig gravlagt dei siste åra. Det trengst vel neppe førehandskjeft for å få dagens ålesundspublikum til å møte fram og få med seg desse ni (!) fantastiske damene!

Kenneth Kamp
kenneth@nyttiuka.no