Lesernes marked

Antivindkraftgudsteneste

(Foto: privat)

Vindkraft-motstandarane skipar til friluftsgudsteneste på Haramsfjellet kvar søndag framover.
Arbeidet med utbygginga av vindturbinane på Haramsfjellet går føre seg måndag til laurdag frå halv sju om morgonen til ni om kvelden. Søndagane kan det òg gjerast arbeid, men då er det ikkje fastsett arbeidstid.
For å få utbyggjarane til å respektere heilagdagsfreden, har somme av vindkraftmotstandarane starta med gudstenester på fjellet kvar søndag. Første gudstenesta var 24. januar. Bjørn Ødegaard syntest det heile vart ein stor suksess:
– Eg forretta gudstenesta, og etterpå hadde vi kirkekaffi, før vi avslutta med meditasjon på fjellet. Til saman heldt vi på i fire timar, og i heile denne tida respekterte utbyggjarane heilagdagsfreden. Men med ein gong vi fór ned frå fjellet, tok arbeidsbilane til å køyre oppover, fortel Ødegaard.
Planen er å halde fram med gudstenester på Haramsfjellet kvar søndag framover.